Tirsdag 12. april kl 19.30 kjem det til å ljoma godt i salen i kapellet. Høyr berre:
- Hjelmeland Kyrkjekor kjem (song)
- Bente Tednes Gjil kjem (song)
- Lise og Sven Østerhus kjem (song/gitar)
- Tor Åsmund Hovda kjem (hardingfele)
og altså.....KorLøye kjem (song)
Eit variert og musikalsk program, med andre ord.
Kvelden blir ei markering av Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon. Arrangøren seier at ein både ønskjer å dele song og songglede, samstundes som ein vil appelere til medkjensle og omtanke for jorda vår, for livet og for folk som har det vanskeleg. Dei håpar det kjem folk både frå Jøsenfjorden og andre bygder.
Velkommen.
Kollekt og "kyrkjekaffi".
PS:
det er berre ein "tilfeldighet" at KorLøye berre består av damer. Me ønskjer songglade menn frå Jøsneset og Jøsenfjorden hjarteleg velkomne til øvingane.
Men det må bli til hausten......for er det noko KorLøye er særs flinke på , så er det laange feriar. Så etter påske blir det sommar-pause .
Nytt frå Strandbuen
- Dette er snittfarta i Ryfylketunnelen – ba om svar frå statsråden
- Nå har Else Karin, Grete og Liv tatt imot dei første gjestane for sesongen
- Rykket ut for å hjelpe Hvaldimir – fryktet at han satt fast i garn
- I kveld skal desse lange og tunge betongbjelkane bli frakta – har planlagt transporten i eit halvår
- Fem bilister må punge ut etter laserkontroll
12.april: KorLøye syng i Fjorden
KorLøye er eit ørlite, amatør-lokalkor med damer frå Jøsneset og Jøsenfjorden. Og koret er på "adle bauar". Iallefall har de i vinter vore å høyre både på Bygdekvinnekveld på Spinneriet, Bygdefest på Jøsneset, og nå stiller dei altså på songkveld på Bedehuskapellet i Jøsenfjorden