Det litt skiftande bob-bob-langfredagværet viste seg å vere som skapt for innandørsturnering i bordtennis. 47 påmeldte fordelt på 12 i ungdomsklassen, 11 i dameklassen og 24 i herreklasse. Totalt 115 kamper ble spelt. Og her er vinnarane i dei ulike klassane:
![](/images/2024/IMG_5988.jpg)
Vinnarane i kvar sine klassar frå v: Anbjørg, Norunn og Kurt
Resultat ungdom: 1. Anbjørg Westersjø, 2. Fredrik Osmundsen, 3. Alfred Tesdal Nesvik, 4. Mathias Erdal
Resultat damer: 1. Norunn Westersjø, 2. Ingeborg Westersjø, 3. Kristiane Westersjø, Ronja Foss
Resultat herrer: 1. Kurt Hjorteland, 2. Jon Eiane Brandal, 3. Roar Fjermestad 4. Jan Arild Rinder.
Det var ca 100 personer innom på turneringa så det var både mykje publikum og mykje spelarar - i alle aldre. Veldig kjekt med så godt besøkt.
Takk til alle som kom og bidrog til god stemning
![](/images/2024/IMG_5992.jpg)
Finalekamp mellom Kurt Hjorteland og Jon Eiane Brandal, der Kurt gjekk seirande ut.
Stor interesse rundt kampoppsettet og resultatlista.
Kafeen var open under heile turneringa . Heimelaga og velsmakande. Sosialt og koseleg.
Arrangør: Jøsneset Bygdaråd....... vel å merke under veldig stram regi/idè/utføring frå familien Westersjø frå Foss