Nytt frå Strandbuen
- Ser du dette flagget, bør du være meget forsiktig
- Heldigvis var det ikkje sju gifteklare systrer, men sju sysken som fann vegen hit
- Alle elskar Amjd (33) – sjølv har han eit stort sakn
- Nyter du finværet? Her kan du se og sende inn sommerbilder
- Kerstin hadde ingen erfaring med blomster, nå er hun i hagen flere timer hver dag
Siste nytt
Solrike januardagar
Nå på vinterstid lever bygda opp til namnet "Solbygda" - og siste veka har me hatt solrike, kalde, stille dagar - perfekte vinterdagar!! Sola dukkar nå opp før kl 10.00 mange stader i bygda, slik som her idag 19 jan frå Skiftun. Dagane er blitt lengre, og sola skin til over 16. Her solnedgangen frå same dag; tatt frå Fossen i Fossbakkane 16.03.
Og fleire gode, solrike - men kalde- dagar har me i vente:
Skeisedag Fosstemmen
Søndag blir det felles skeisedag på Fosstemmen kl 13.00. Ta med skeiser, mat, drikke, gode klær, sitteunderlag - og NB ta med litt VED kvar, så kan me tenne eit felles bål. Håpar me får ein like fin dag som den me hadde 8.januar2006.
NAUSTE stengt lørdag
Cesilie melder at MIXn NAUSTE på Nesvik har stengt lørdag 12.01.12 pga varetelling.
Helsebading startar opp
Helsebading i oppvarma basseng, frå måndag 7.januar og kvar måndag ut gjennom våren. Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. april
Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30
Vaksne kl. 18.30-19.30
Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born.
Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.
Turpost-bøkene er bytta
Her ser de tala for besøk på turpostane våre i 2012. (Tala frå i fjor står i parantes). Etterkvart som bøkene vert bytta vil tala oppdaterast her.
(foto: Jorunn Foss, tatt frå Nesdalsfjell)
VOLLEYBALLTRENING 2013
Volleyballtreninga startar opp att onsdag 02.januar kl 20.00
GYMSALEN JØSNESET. Nye og "gamle" spelarar er hjarteleg velkomne !!
Vær-kavalkade 2012
Året 2012 ebbar ut: ei jule-og nyttårshelg med både storm, regn, sol og snø. Her frå Fosstemmen 30.desember12. Vatnet flaumar medan snøfillene dalar store som lammeøyrer. Ja, dette er òg "Solbygda" !! Følg året 2012 i storm og stille nedanfor: