Nytt frå Strandbuen
- Kan få buss-ønske oppfylt – men då må ein annan avgang vekk
- Prøvde å få utsatt tvangsmulkt på gapahuk etter funn av reir – fikk blankt nei
- Rykka ut etter melding om røyk frå låve
- Kommer til Jørpeland for å demonstrere: – Eier av datasenter har blod på hendene
- Melder kanonvær i starten på uka – dette sier meteorologen om 17. mai
Siste nytt
Kunstutstilling på Jøsneset skule
Kunstutstilling på Jøsneset skule 8.mai kl 16.00 - 17.00 i Gymsalen Jøsneset skule.
Kunsten er laga av Storskulen. Inngangspris kr 20,-
Det blir servert kaffe, saft og kjeks. Alle er velkomne, store og små !
Jippi !! Nye leikeapparat !!
Fredag 12 april tromma foreldregruppa på Jøsneset skule og barnehage inn til skikkeleg KAKEFEST !! Det måtte feirast at dei nye leikeapparata blei ferdigmontert denne dagen ! Alle barna, besteforeldre og bygdefolk var invitert på kakefest, saman med gjengen frå Teknisk seksjon som avslutta monteringsarbeidet denne dagen. Det blei orntlig åpning med snorklipping av elevrådsrepresentantane Tania og Jakob og talar og gåveoverrekking frå rektor.
Nyrydda sti til Håvehammar
Den såkalla "Knudastien" mellom Tonå og Håvehammar er nyleg blitt rydda kjempeflott! Tidlegare var her masse høg lyng som vaks inn i stien, og det var basete og uoversiktleg å gå der. Det er grunneigar Elisabet Førre som har rydda så fint: kutta vekk masse lyng og einer på begge sider av stien; og nå er det som romslig og fint at det er ein fryd å gå her. Takk til Elisabet for alle ryddeøktene - veldig positivt !
Full pott i hjortejakta
Hausten 2012 blei det felt 50 hjortar, som er 100% av kvota! Jakttida for hjort var forlenga fram til 23. desember, og jegrane på Jøsneset nytta tida godt. Det blei nok lekkert viltkjøt til mang ein festmiddag!
Av dei 50 felte dyra var det 9 vaksne bukkar, 7 spissbukkar og 15 hind. Nærmare halvdelen av dyra, 19 stk, var kalvar. Dette stemmer godt overeins med den 3-årige planen for avskyting.
Ope politisk debattmøte
Det var Hjelmeland KrF som tok reisa over fjorden, og inviterte til open debatt om det som måtte oppta oss her på nordsida. Det blei mest debatt om framtidig skulestruktur. Det vil skje drastiske endringar både i omsorg-og oppvekstsektoren i framtida pga naudsynte innsparingar i kommunen. Jøsneset skule kan stå for hogg! KrF gruppa har ikkje konkludert - ventar på utgreiing av 9 ulike struktur-alternativ. Dette er klar i midten av mai. Då skjer det mykje på kort tid, for prosessen legg opp til at beslutningane skal tas allereie i juni. Så følg med !! Elles var det òg litt debatt om ferjeruter, kommuneikasjon, tomteutvikling, utleigebustad....og kommunesamanslåing.
Nytt styre Jøsneset Ungdomslag
Palmelaurdag 23.mars hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova. Sjå referat HER. Det blei ein del utskifting i styret: Det nye styret er nå: Jon Brandal og Dag Rosså (attvald), Lene Kaldheim, Sondre Fosså og Frode Tjeltveit (nye). Styret konstituerer seg og vel leiar på første styremøte. Vara: Ian Bouzane og Joar Rosså.
Sjekk TV2 Nyhetskanalen i dag
Gjekk du glipp av Lørdagsmagasinet i TV2 i går, med innslag frå SKIFTUN ?
Du har fleire sjansar i dag: går i reprise på TV2 Nyhetskanalen kl 13.35, kl 17.30 og kl 21.40