Nytt frå Strandbuen
- – Eg meiner at vi skal takke dei som er fødde før 1980
- Kan få buss-ønske oppfylt – men då må ein annan avgang vekk
- Prøvde å få utsatt tvangsmulkt på gapahuk etter funn av reir – fikk blankt nei
- Rykka ut etter melding om røyk frå låve
- Kommer til Jørpeland for å demonstrere: – Eier av datasenter har blod på hendene
Siste nytt
Første lam på Jøsneset?
Det er kome lam på Åsland! Anniken, Ronja og far Eilef Foss lurer på om det er dei første lamma i vår på Jøsneset? Lamma vart fødde 21.03.13, og det er kome 5 lam til no.
Takk for bidrag til Fasteaksjonen
Denne veka gjekk dei 6 konfirmantane i bygda rundt frå hus til hus med bøsser: innsamling til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon. Det var Helga Havnerås som kooridinerte innsamlinga og som frakta bøssene vidare. Ho fortel at dei samla inn kr 5 666,- her på Jøsneset. Og konfirmantane fortel at dei blei tatt godt imot hjå folk. Så ein isande kald dag til trass: dei fekk varm velkomst! Takk til alle som bidrog.
RiksvegRiddarane trør til igjen
, og høyr den flotte musikkvideoen frå Suldal Billag....og ser du nøye etter, så ser du ein og annan lokal skulebuss-sjåfør frå Jøsneset og Jøsenfjorden som òg har kasta seg ut i showbuiss og dansar med kostane....IIIIIHAAA...siktar mot stjernenePåsken på MIXn Nauste
Cesilie på MIXn Nauste melder at dei har opent kvar dag i påsken frå kl 10.00 - 21.00 f.o.m palmefredag 22.mars t.o.m 2.påskedag 1.april .....så løp og kjøp
Påmelding til Påskefest
Lise Tjeltveit 97531845 og Jon Brandal 47324805 tar nå imot påmeldingar til årets påskefest m/lokalrevy som finn stad i gymsalen Jøsneset på Påskeafta ! Meir info kjem når alle detaljar er på plass....finpussen blir gjort i helga.
Ope politisk møte - Jøsneset.
Hjelmeland KrF si kommunestyregruppe skal ha ope gruppemøte her på Jøsneset mandag 8.april kl 18.30 i Trivselstova.
Gruppemøtet er ope for ALLE, uansett kva du stemmer eller kva parti du høyrer til i. Då kan du kome å seie kva du meiner om det som skjer i kommunen nå; med td endringar i skulestruktur og helse/omsorg og andre omstillingar. Varaordføraren stiller, og han og partigruppa er interessert i å vite kva folk "på denne sida" er opptekne av nå.
Alle i Jøsenfjorden er òg hjarteleg velkomne.
Hjelmeland KrF v/ Solveig Bog Bouzane
Støtt Kirkens Nødhjelps fasteaksjon
Tirsdag 19. mars mellom kl 16.15 og 19.00 får du besøk av ein av årets konfirmantar. Dei har sagt seg villige til å gå rundt i bygda med bøssene til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon "Sammen forAndre". Ta godt imot bøssebærarane. Info om fasteaksjonen finn du HER