Nytt frå Strandbuen
- Solgt for 8,5 millioner kroner – se hvem som har kjøpt og solgt eiendommer
- Daniel (19) har sagt opp jobben for å satsa på bedrifta si – medan jamgamle feirar russetid
- – Eg kan ikkje sitje stille og sjå på at vår gard og vår grend blir øydelagt på denne måten
- Bil rullet rundt og landet på hjulene
- – Det er skuffende at Green Mountain ikke vil oppgi hovedkunden
Siste nytt
Framtida til Jøsneset skule?
Som kjendt er Hjelmeland kommune midt inne i eit stort omstillingsprosjekt, og det er vedteke at det skal gjerast store innsparingar i drift; melllom anna i oppvekstsektoren. Dette betyr at skulestruturen slik den er idag, med svært stor sannsynlegheit blir endra. Det er skissert 9 ulike alternativ, som nå skal utgreiast nærare. Dei 9 alternativa finn du under. I 5 av desse alternativa står Jøsneset skule for fall, medan barnehagen består i alle alternativ.
Spelemann til Påskefesten!
Denne musikaren er desverre fullbooka heile påsken.......MEN folkensdette går likevel mot ein lykkeleg slutt for Påskeaftens-svingomen.....for me har ei gledeleg nyheit! Les meir nedanfor:
PRESSEMELDING SKIFTUDAL OPEN 2013
Me har mottatt denne PRESSEMELDINGA FRÅ SKIFTUDAL OPEN.
Kun 3 veker igjen !
.......rykter ser ut til å ha nådd Stavanger by....send oss bilde om du skulle kome over "ryktet" andre stader òg !
Isen bryt - det vårast
Denne vinteren har det vore usedvanleg mykje is i fjorden; og ein populær aktivitet for nokre veker sidan var å gå på skeiser frå Hauga til Førrebotn på den tjukke isen inn fjorden. Det er fleire tiår sidan det har vore mogleg. Men nå slepp isen....og det vårast. Slik såg det ut i Nesvik båthamn laurdag 09 mars.
Og her ser me isflaket frå Jøsenfjorden på veg ut Gardsundet. Det vart god austavind utover laurdagen, så isen fekk "fart på seg" og etterkvart stykka den seg meir og meir opp. Elles ser me her den nye Bulyst-benken på Nesdalsfjellet! Ein vakker stad og ein god benk.....kanskje det blir "JA"-benken etterkvart
Foto: Ellen Mari Fosså
Komlekos
Me trur de gleda seg like mykje; både komlekokkane og komlegjestene. For den årlege felles middagen mellom skuleelevane (som lagar middagen) og eldretreffen (som er inviterte gjester) er eit svært populært og koseleg treffpunkt.
Ein gong i året består nemlig mat-og helse-oppgåva til storskuleelevane å lage og servere middag til eldretreffen. Og i år var det komle på menyen - og pannacotta til dessert !
Spanande trofèfiske i fjorden
Ei fotohelsing frå sportsfiskar Øystein Davidsen frå Egersund, som sist fredag var inne i Jøsenfjorden og heldt foredrag om store, sjeldne trofèfiskar. Bildet er av hans sønn(13) første gong dei var på fisketur i Jøsenfjorden. Om de drog i land ein sværing denne gongen vites ikkje. Men Davidsen er ein svært erfaren og entusiastisk sportsfiskar og til dei frammøtte i Fjordahuset, kunne han fortelje om svært spanande liv nede på djupna i Jøsenfjorden (det ryktes om lettare skepsis til bading i fjorden etter bilda Davidsen viste av svære beist frå djupna) Davidsen meiner Jøsenfjorden har stort potensiale som trofèfiske-arena, og seier at litt pionèrvirksomhet - særleg på djupet, kan gje spanande fangst av brosme, lange, blålange, kvitskate og håkjerring. Havfiske er presisjon og ein må ut i båt med dregg og GPS med sjøkart for å forske litt nærare på forholda her. Men han meiner det finst skikkeleg gode stader for god og sjeldan fangst i Jøsenfjorden, og roser samtidig den fantastiske naturen i fjordane her.
Apropos beist frå djupet: finst tydelegvis i Fistervågen òg, les om det "mannevonde beistet" i avisa STRANDBUEN
og de huskar kanskje historia om den sjeldne sølvkveita? ...i følge Davidsen er det få som har hatt gleda av å sjå ei slik levande - slik våre skuleelevar fekk.