Nytt frå Strandbuen
- Aksepterer at kunden til planlagt datasenter holdes hemmelig – venter høy skatteinntekt
- Barnehagane feira dagen før dagen – sjå alle bilda
- Leirliv og røre på gang: Hit skal mange jørpelendinger
- Har oppdatert varselet til nytt nivå – stor fare
- 60 sjåfører stoppet i kontroll – så fikk UP øye på en mistenkelig motorsyklist
Siste nytt
Bæsj er Æsj !
Dei tilsette i barnehagen melder om at det stadig vekk er hundebæsj å finne både på leikeplassen og i ballbingen - og det er ekkelt !! Dei har ikkje føreteke genetisk DNA testing av bæsjane, så dei kan ikkje seie om dette kjem frå store hundar, små hundar, byhundar eller bygdehundar. Men dei er heilt sikre på at det ikkje kjem frå hjort, elg, and, hest eller ku - det er frå HUND . Difor går oppmodinga ut til det ganske land: send hunden din til skogs når den skal bæsje - og om den bæsjer i barnehageområdet: så plukk opp etter den . Takk!
TIPS ?
Send oss gjerne eit tips om ting du syns me burde informert om på Jøsnessida. Aktuelle ting? Arrangementer? Stort og smått ?
Send oss også gjerne foto. Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Nyt øyeblikket 2
Ta turen innover til Fosstemmen - der er ei "anna verd" enn slapset og sorpa i låglandet. Har du først forsert Fossbakkane; så kjem du inn i vinterland. Finfine skiforhold også. Men ver rask: været vårt er jo som kjendt særs skiftande; så også her gjeld det: NYT ØYEBLIKKET - der er jo ikkje sikkert det er slik i morgon :-)
Nyt øyeblikket 1
Vinteren har vore røff! Mørke, regn, tordenvær og storm - uvanleg surt ! Som eit herleg pusterom i vintermørket kom desse herlege januardagane denne veka. Øyeblikket måtte nytast ! Det gjorde Paula Watkins Foss, som stoppa fem gonger på veg heim frå jobb frå Sand for å ta foto av solnegang og vinterhimmelen. Månen heng einsam og lysande på den isblå himmelen. Et øyeblikk å nyte!....før skyene igjen står i kø ! Foto: Paula W Foss.
Skikarusellen
Den årlege skikarusell startar måndag 26. januar. All info finn du hos SULDAL IDRETTSLAG
Takk alle friskusar !
TAKK til alle sprøe friskusar som møtte opp på opning av Friluftslivets år-arrangementet på Foss, Jøsneset 13.januar. Været viste seg frå si mest ustadige side; lyn, torden, haglebyger, snøklessa og vind, ja, eit såpass heftig vær at Jøsnesbygda og delar av Hjelmeland var straumlaus denne kvelden. Trass i alt dette; 37 små og store møtee opp til utandørsarrangement: bratt tur til Håvehammar i mørknå, bading i elvekulpen, viltsuppe og bålkaffe, Fabelaktig ! (Foto: Eldfinn Austigard)
Nokon som saknar fat og klær??
Det har vore utvask på skulen ila helga ! Der er det funne ein del ting som sannsynlegvis er gjengløymt. Det gjeld nokre fat/tallerkar, ein kakeboks og eit fat (sikkert frå nyttårsfesten). Det er òg ein del klær som ligg att; sjå foto under.
Ta kontakt med Unni Fossaa om du ser noko du savnar blant desse tinga