1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nå er Jøsneset skule formelt nedlagd, med verknad frå neste haust. Dette endelege vedtaket blei i kveld, 30.10.2013, fatta i Hjelmeland kommunstyre, trass i store innvendingar frå Samarbeidsutvalet, Bygdarådet og bygdefolk på Jøsneset undervegs i prosessen.

Saka har vore gjennom fleire politiske behandlingar; Først og fremst i kommunestyret i juni (prinsippvedtak) og nå i haust. Tilrådinga var nedlegging både frå rådmann, oppvekstutval og formannskapet. I kommunestyremøtet fremja Sven Gil Westersjø (SP) eit motforslag, som i grove trekk gjekk ut på å oppretthalde, med vilkår om ein 25 % vekst i elevtalet innan 3 år. Han fekk kun 2 røyster til for dette forslaget; Johan Mjølhus (V) og Astrid Fossaa Viga (H). Altså 16 for nedlegging, 3 for oppretthalde.

Dermed er nedlegging eit endeleg faktum.

Det var fleire underpunkt i vedtaket m.a. om SFO-ordning og skyss. Det var òg noko debatt og innlegg frå ulike politikarar, mellom anna frå dei tre som stemde for å oppretthalde.Kommunestyremøtet blei sendt direkte på nett, og kan sjåast og høyrast i reprise HER.


Jøsneset skule (dengong Skiftun skule) blei oppretta i 1893, så det er såleis ein lang og stolt tradisjon som nå blir historie om kort tid.


 

 

FaceBook
Facebook