1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Det nye dataanlegget som skal installerast i kjellaren på Grendahuset skal etter planen være i drift fra sommaren av.

Det var i juni i fjor at eigerane av det gamle stålverksområdet på Jørpeland inngjekk avtale om å lage eit datalagringssenter. I den forbindelse såg Hjelmeland kommune på muligheter for å kunne få til tilsvarande datasenter i kommunen. Like før jul gav kommunedirektøren grønt lys for at ein del av dette datasenteret kunne leggast til Jøsneset. 

Planen er å benytte to av romma innerst i kjellaren til datasenteret, som består av nokså store maskinar. Silje Sværen i bygdarådet fortel at innstalleringa av maskinane vil krevje at ein utvider kjellardøra, slik at ein får inn alle komponentane. Bygdarådet har jobba med å flytte 17.maidekorasjonane opp på loftet i klasseromsbygget, slik at det ikkje blir øydelagt av det nye datasenteret. 

Silje fortel og at datasenteret vil gi ein 50% stilling som batterisjef, og at varmen datasenteret produserer vil kunne nyttast til å varme opp gymsalen som er i etasjen over. Silje seier at målet er at det til hausten vil kunne arrangerast hot-yoga kvar tirsdag, som eit tillegg til torsdags-trimmen. Dette datasenteret vil komme til gode for alle Jøsnesbuar, meiner Silje.

Det nye datasenteret krever ein god del kapasitet, og difor har L-nett lagt ned fleire nye kablar som skal klare å handterer det nye datasenteret. Dette arbeidet er snart ferdig, og då kan sjølve datasenteret settast opp. 

FaceBook
Facebook