1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Joda, Jøsneset skule er liten, men likevel kan dei 21 elevane kunsten å lage program og underhalda mykje folk! Torsdag 19des inviterete skuleelevane begge bygdene Jøsneset og Jøsenfjorden inn til tradisjonell bygdekveld - og her var det litt av eit program med song, dans, rollespel og musikk i nesten 1 1/2 time utan pause  - Fantastisk, flott, rørande.. og litt vemodig...for dette var siste gong nettopp slik bygdekveld blir arrangert.

Både salen og parkeringsplassen utanfor var full ! For den av dei mange i salen som eventuelt enda ikkje hadde kome i julestemning; så kom de garantert i stemning etter denne kvelden. Skulen har hatt JUL OG JULETRADISJONAR som temaveke, og dette tema blei presnetert og  gjekk igjen i alle nummer som trilla fram på scenen eitt etter eitt etter eitt....


Og me lot oss sjarmere ....alle hjarter smelta av desse nydelege englar og hyrdar !!

 

Fjørlette englar sveva over scenen....og eit lite Jesubarn i krybba låg.....

 


Kvelden var prega av song og julestemning.

 

Den eine julesongen etter den andre rulla fram; og elevane tok innimellom med seg heile forsamlinga på allsong

Ikkje minst var det mange flotte musikkinnslag frå elevane som går på kulturskulen.....det var fleire av elevane som spela kvar sitt stykke på piano.
Vidare var det fleire innslag både på fiolin, fløyte, gitar, trommer og song.

På desse bygdekveldane deltar absolutt alle elevane; store og små, og alle har sin rolle anten i skodespel eller i samsang.


Her dukka jammen englane opp igjen...og hyrdane :-) Haleluja !


Rollespel med dei minste......som virkeleg kosa seg på scenen!!

 



Me fekk ei innføring i kva pynten på juletreet symboliserar.

 

"All I want for Christmas is my two front teeth".....herleg sanginnslag !

 


Og her er jammen Snekker Andresen på besøk hos alle nisseungane - og spikka gåver til dei.

 

Her fekk me orginalvarianten av " O jul med din glede" Visste du at den er skriven av Gustava Kielland og var skriven som ein songleik. Dette fekk elevane veldig godt visualisert i dette innslaget.

 

Aller sist fekk me ein hiphop-moderne variant av Jingelbell med festleg dans. Dette hadde elevane ordna med og øvd på sjølv: dei fleste av desse går på dans i Kulturskulen.  BRAVO !!


Etter det nesten 1 1/2 times lange showet av elevane, var det matøkt. Og jammen var det dei som hadde laga mesteparten av maten òg. For i temaveka om JUL hadde de baka både krotekaker, syrekaker, ambrosiabrød/julekaker, kokosmakronar, kakemenner og pepparkaker. I tillegg spedde foreldra på med matfat,....så nei, det var ingen som gjekk svolten frå denne bygdekvelden. LEs meir om temaveka på MinSkole

Stor takk først og fremst til elevane - imponerande innsats på mange vis !!  Og takk til dyktige og flinke lærarar i skule og kulturskule !

Litt vemodig er det at slike bygdekveldar nå går inn i hisoriebøkene.....også Rektor Rasin då, som hadde gleda seg til pensjonistalderen når han skulle få sitte i ro og mak og nyte livet kun som tilhøyrar i salen på slike kveldar. Det får han ikkje, for skulen er nedlagd: men TAKK Rasin, for alle opplevingane skulen har delt med bygdefolket opp gjennom åra !!

 

Tekst og foto Svanhild Hjorteland Gbada.

 

 

FaceBook
Facebook