1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



HER kjem ei jule"gåve" frå VONI og Jøsneset Ungdomslag. Ungdomslaget har jo mange årgangar av VONI (seinare  VONA) heilt tilbake starten av 1900-talet.  VONI var på ein måte då-tidas "nettside" for Jøsneset. Folk i bygda skreiv i boka, dei les opp historiene på ungdomstreffa og boka gjekk slik på omgang frå treff til treff - til glede og underhaldning.  HER skal de få ei orntleg juleforteljing. Denne er henta ut frå VONI nr 3, skriven 20.12.1928, altså nesten 100 år gammal.  Litt uklart kven som er forfattaren, med redaktøren den gong var Otto Hiim. 

Kanskje de nå kan gjere som bygdefolket i 1928, lene dykk tilbake og få nokon til å lese høgt frå VONI!  Julestemning blir det garantert !
God Jul til folket - og drøym om "lefser som skin som tiriltunger i eldskinet"Wink

 

Det som står i VONI er blanding av oppspinn og alvor, fantasi og verkelegheit - av og til iblanda litt samfunnskritikk og lokalmeiningar. Ja, som blanding av eit slags underhaldningsmagasin og lokalavis. Ofte er histioriene skrivne under pseudonym, og personnamn og stadnamn er omskrivne, liksom for å anonymisere det heile. Mulig det krydra opplevinga og spaninga kring opplesingane.  Men likevel kan ein heilt klart forstå at flesteparten av historiene og handlingane er her frå Jøsneset.

Om akkurat denne juleforteljinga har grobotn i Jøsnesbygda, vites ikkje. Sjølv om personnamn og stadnamn er oppdikta, kunne handlingane og gjeremåla heilt klart ha funne stad her. På andre sida; juletradisjonane på bygdene var nok nokså like på den tida, så dette kan òg ha grobotn i andre bygdar. Men ein ting er garantert: Historia er skriven Jøsneset og for å underhalde Jøsnesbuen, og er på den måten heilt orginal og unik.

 

FaceBook
Facebook