1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Me er godt i sving med å kartfeste lokale stadnamn frå Jøsneset. Første treff var i Trivselstova i haust; og etter det er det delt ut mange kart som folk rundt i bygda skriv inn namn på.  Og me har alt fått inn mange namn, mange namn er plotta inn på digital kart og fleire kjem.

Kartet ovanfor er siste bidrag me har fått: Henrik Nesvik skreiv særoppgåve på skulen om lokale stadnamn - då konsentrert rundt Nesvik-gardane. Heile 90 namn samla han inn frå dette geografisk avgrensa området  - fantastisk! Høyr berre: Klypehumpen, Misjonstreet, Grisen, Fellå, Trodlaskaret, Tronk, Uversteinen .....osv.

Me håpar kanskje at dei andre karta som er "på vandring" ute i bygda òg kanskje blir like detaljerte.

Elles er me i kontakt med Unviersitet i Stavanger; der har dei arkivert heile innsamlinga som blei gjort av lokale stadnamn frå Hjelmeland på 80-talet - deriblandt frå Jøsneset. Namna her er ikkje kartfesta, men universitet har tilbydd oss å kome ut å kopiere/scanne namnebasen som dei har der. Planen er å få gjort det ein gong på nyåret...når me har tid.

Me har òg fått kopiert opp stadnamnbasen som Jon Eiane samla inn i samband med si hovudoppgåve "Stadnamn i Jøsenfjorden". Den avhandlinga er ikkje berre frå Jøsneset, men langsmed heile fjorden. Men me kan "dra ut" dei aktuelle namna frå Jøsneset - og prøve å kartfeste dei digitalt....om dei ikkje alt er ein del av det me elles har fått inn av materiale.

Og frå Håvard Hjorteland i Stavangar har me fått tilsendt stadnamn frå Tingrettsbøker frå 1624; etter grenseoppgangar mellom Foss, Fosså og Nesvik....nokre av dei finn me att i særoppgåva til Henrik.

Me tek sikte på å få til eit nytt treff i Trivselstova i slutten av januar.
Til den tid håpar me på å få plotte inn det me har fått inn til nå. Dersom det er nokon som har ferdige kart liggjande - med stadnamna skrivne inn på, så levèr desse gjerne inn til oss før neste treff - slik at me får digitalisert inn mest mogleg til då.

Følg med: meir info kjem !

Kanskje det sit fleire rundt omkring som har informasjon om dette.

Svanhild 970 07 636 og Ingeborg 928 50 297

 

 

FaceBook
Facebook