1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Makrellsesongen er i full sving - og stor, feit, fin makrell blir pakka i isoporkassar for eksport på Skiftun Fiskemottak. Oddvar og Rasin er begge ivrige makrellfiskarar frå Jøsneset, og dei leverte tilsaman 4 tonn i dag. I tillegg var det leveranse frå andre lokale fiskarar og tilsaman blei det pakka 9 tonn denne nydelege maikvelden.  Det er eit heilt "apparat" som blir sett i verk når pakkinga pågår; Kåre Hansen er sentral i arbeidet og alle fiskarane sjølv deltar - i tillegg treng dei arbeidshjelp frå skuleungdom og andre i bygda. Triveleg har dei det, der utpå kaikanten på Skiftun !

FaceBook
Facebook