1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Sommaren2014  har vore/er  "tursommaren" framfor nokon. Gunlanuten 829 moh har vore populært mål i sommar ! Vel, me konkurrerar ikkje akkurat med Preikestolen og Trolltunga i besøkstala; men til å vere her, er det godt besøk!  Mellom mars og august var det 230 besøkande på Gunlanuten !

Dette er då inkludert "Hardhausen", men likevel er det bra besøk for ein såpass lang tur. I juli månad - då me hadde "hetebølgen" - var heile 60 stk oppom " Nuden" - Det er bra !! Me er temmeleg sikre på at alle hadde ein fin tur - for utsikten er upåklageleg !!


Her utsikt over til Skomakarnibba og Øksnafjellet

 

Ein skulle kanskje tru at Fosstemmen (som jo er turposten som ligg undervegs på tur til Gunlanuten, men kun snaue 3 km frå bygda) hadde hatt dobbelt så mange besøk. Men det er ikkje tilfellet - snautt 300 besøkande her. Men her ligg dei to nyinnkjøpte kanoane og gapahuken med bålpanne - så dette er eit ideelt turmål for store og små. Vel verdt eit besøk !


Fosstemmen

 


Sjølv om utsikten på Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh er vel så formidabel som på Gunlanuten, så er ikkje denne like godt besøkt - Totalt 95 ila året; derav heile 28 stk på Hardhaus-dagen. Turen oppleves kanskje som tyngre sjølv om den ikkje er så høg; dette pga meir terrenggåing og ikkje så god sti som til Gunlanuten. Men ta turen - Herefjellet er jo eventyrleg vakkert!


Norda Høgaste - ut Erfjorden og ut Nedstrandsfjorden.

 

Tausanibbå er òg eit nydeleg turmål - på kanten av Herefjellet og kun 500 moh (så den er ikkje så langdryg som dei to høgare nutane).  Her har det vore 85 besøkande - ein relativt kort tur "rett opp" frå Åsland, som fortjener eit langt høgare besøkstal. Ualminneleg god trimturWink

 

Utan å ha sjekka alle turpostane i bygda, så dristar me oss likevel på påstanden:
Håvehammar ligg på turtoppen på Jøsneset!!  ...og me dristar oss vidare på spådommen om at besøkande nr 1000 skriv seg inn i boka før 1.september....for nå er det ikkje langt unna !! Følg med !
Forståeleg at Håvehammar er populær: lett tilgjengeleg, "alle vegar fører til Rom" - frå Åsland, frå Asheim, frå Tonå og frå Foss - og frå stiane ovanfrå Fosstemmen - så ja, Håvehammar ligg midt i smørøyet ! Det er òg ein kort tur som alle aldersgrupper kan klare - og utsikten her er nydelig - og bulyst-bordet står å ventar på deg og kaffekoppen din.

 

Dette var eit lite sveip innom nokre av turpostane. Nei, me har ikkje gløymt at me har fleire flotte turpostar: Men nå går utfordringa ut til dykk folkens: Ta turen til Brynå eller Nesdalsfjellet og send foto og rapporter inn kor mange besøkande det har vore!!

- me har nå fått melding om at på Nesdalsfjellet har det vore ca 455 besøkande hittil - send oss gjerne eit foto herfra òg, så får me blesta litt om den flotte nærmiljøturen like ovanfor Nesvik ferjekai!

På Røssenibben og Valafjellet er turbøkene til Helselaget tatt bort; men det har visstnok dukka opp ei ny på Røssenibben iallefall, som fortel om godt besøk òg der i sommar. Kva med Valafjellet?

Meir info  turpostane på Jøsneset finn de under Helselaget og kart og meir turinfo under menyen TURSTIAR

Seinsommaren er turtid - ta turen !!

 

Alle foto: Svanhild H Gbada

 

FaceBook
Facebook