1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Tysdag 24. jan 17  er for andre gong folkeavrøysting i Hjelmeland om kommunereformen. Denne gonger er spørsmålet:

"Med grunnlag i intensjonsavtala: Ynskjer du at Stortinget skal vedta ein ny kommune der Forsand, Strand og Hjelmeland vert slegne saman?" 
Svaralternativa på stemmesetelen er: ja/nei/veit ikkje"

Endleleg oppteljing ga følgjande resultat: 
488 stemmer =51,69 % NEI
436 stemmer = 46,19 JA
20 stemmer= 2,12 % VEIT IKKJE
Deltakarprosent: 44,3 % 

På bildet ser du røysteapparatet på Jøsneset: frå venstre Eldbjørg Tednes, Olga Hjorteland og Rasin Tjeltveit - etterkvart svært så erfarne i "gamet" - dei sørgjer for at alt går rett for seg, kryssar av i mantallprotokollen etterkvart som dei røysteføre avgir si stemme og får stemmane ekspedert over til opptellingskorpset på Hjelmeland. I år er det 109 røysteføre på Jøsneset - denne gongen kan personar f.o.m 16 år stemme.  For å kunne lage statistikk for den enkelte krins, må det vere minst 100 avgitte røyster - det blir det neppe, då deltakingsprosenten nok ikkje blir høg så høg.

Her er Inge Torkel Skiftun innom mellom sine arbeidsøkter - og avgir si stemme.  Kva han stemde veit han nok berre sjølv, men det skjer definitivt med godt humør.  

 

FaceBook
Facebook