Nytt frå Strandbuen
- Hole in one, firlinger og verdensmester – dette skjedde i 2002
- Strekning på riksveg 13 blir manuelt dirigert i en måned
- Diskuterte om Strand har plass til kjernekraftverk
- Har noe informasjon om brannårsaken – vurderer å sende krimteknikere til Jørpeland
- En gruppe kommunalt ansatte i Strand får dekket bompenger – har økt rekrutteringen
Siste nytt
Velkommen til sol(celle)bygda !
Kva er vel meir naturleg på "Velkommen til solbygda Jøsneset"- tavla vår i Nesvikbakken enn eit solcellepanel som gir lys på skiltet og svingen her. Ideen om lys på tavla oppstod .......
Kontaktmøte med MOWI
MOWI inviterer til nabomøte tysdag 13. februar klokka 17 på Jøsneset Grendahus.
Hurtigbåten Nesvik er sikra likevel
Dei viktigaste avgangar/ankomstar til frå Nesvik blir sikra likevel, fortel ordførar Anita Husøy Riskedal. Les meir om dette i AFTENBLADET (for abonnentar)
Her finn du Liste over kva for avgangar som blir oppretthalde
Sjå og ordførar Anita Husøy Riskedal si Facebook-side
Bra jobba av Hjelmeland kommune - det nyttar å stå på for kommunikasjonslinjene !
Herrenes dag på Fosstemmen
Flotte forhold også på Fosstemmen - sjeldan at isen er så tjukk og samtidig så fin til skeising. Tre lokale "old-boys"-herrer koste seg i januarsola. Kaldt ! Ja, høyr berre på den knasande lyden av skeisene.
Men herrene tok runde på runde på runde, og "skravla gjekk" - og de såg ut til å halde varmen godt. Og stilen frå barndommen.....ja, sjå det: DEN sit enda !!
Trygg is og flotte forhold
Isen har lagt seg i det kalde vêret, og det blir meld om fine forhold for skeising både på Fosstemmen og Eiatjødna (på biletet). Det fine og kalde vintervêret skal halde seg ei god stund til, så det er berre å pakka skeisene og sikta mot ny verdensrekord.