1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

GOOOOOD PÅÅÅÅSKE til alleKiss frå Den Glade Badegjeng!!

Regnet ausa ned heile palmelørdag: 7 gr til lands og 7 gr til vanns.....ok, lite sol og palmesus i Fossdalen, men likevel ein dag som skapt for bading, grilling og kakekos!

Sure værforhold - ingen hindring - Baderane stod likevel i kø foran Kogekjellå

Det 25.lørdagsbadet på rad + nyttårsaftebadet. Det er på tide å avslutte vinterbadesesongen. Det var sjølvsagt den Fossdals-glade Sven som gjekk av med rekorden: har bada kvar einaste lørdag frå oktober til palmelørdag.  Men fleire andre ligg tett oppunder rekorden; og har berre 2-3 fråvær - så dette er verkeleg bra !

 


Finfine forhold i Kogekjellå idag; buldrande friskt 7-graders flaumvatn frå heiå.

Så var det tid for "longdrinks" - i form av gul påskeappelsinsaft.....og kos i kraftstasjonen til Johan. 

La oss høyre med Svanhild korleis dagens bad var?

Grillen tent og pølser og pizza låg klar....saman med påskepynta muffinsar og solboller. Påskeharen hadde òg vore på ferde: pga flaumande forhold i ånå hadde han heldigvis ikkje gøymd påskeegget til vanns....men etter litt leiting fann barna det godte-fylte egget gøymd på land.


 

.be

Strie regnbyger og lite palmesus til tross: Fossdalsbuen ser lyst på livet....og gledar seg til sommarflørt i glaset....eh...grasetKiss..

 

....medan Skiftubuen og barna kosar seg inne i kraftstasjonen med godteri, kaffe og påskesaft.


OK, vinterens badesesong er herved avslutta, men....
......vent litt, det betyr at sommarens badesesong står for dørene!!!
Heretter blir det beachparty-tilstander i Skiftustranda kvar lørdag - med start Påskeafta såklart - nye og gamle Baderar er velkomne SmileCool

FaceBook
Facebook