Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Kanoane "Kalven" og "Kvigå"....
....er nå frakta ned til Foss for vinterlagring! Kjem på plass att i Fosstemmen når liane grønkar og fuglane kvitrar igjen til våren!
Blått panneband funne....
....på skogsvegen opp mot Fosstemmen. Kontakt 97007636 om du saknar det.
Jøsneset 200 i 2020 Informerar
Prosjektgruppa Jøsneset 200 i 2020 takkar for oppmøte på kick off tidlegare i haust.
For de som ikkje var til stades denne dagen kjem det her informasjon om prosjektet. Me håpar verkeleg på støtte frå bygdefolket i arbeidet vårt.
Spøkelser og snop
Endeleg kom kvelden små vampyrar, hekser, spøkelser og andre skumle småkryp hadde venta på ! Folk i bygda venta smånervøse på besøk, og dei fleste hadde godteskåla klar så dei slapp å bli gjort om til ei padde eller få huset hjemsøkt av grusomme gjenferd
Ingen vil vel terga opp denne gjengen?
Husk øving til juletretenninga i dag!
Viktig melding til alle smånisser!!
Me treffest og øver på songar og innslag til juletretenninga
fredag 7. november klokka 17:30 i gymsalen
Alle ungar og ungdommar blir oppfordra til å bli med og laga julestemning under tenning av juletreet 29. november. Det er berre å møta opp på øving! Har du spørsmål, kontakt Silje på tlf 95062607
Idè-boksen
Bygdarådet har sett opp denne spreke, knallgule, optimistiske idèboksen på Skiftukrossen - rett ved sida av oppslagstavla. Her tek me imot idèar og tips til kva ønskjer nettopp du har for Jøsnesbygda, sosiale tiltak mm. Her kan du også putte inn svarlappar frå INFOSKRIVET me har sendt ut i postkassane. Me har altså sendt ut eit skriv med idèar om mange sosiale tiltak utover vinteren - me ønskjer alle med! Legg svar i postkassen - og bli med i trekninga av finfine Jøsnesprodukt, eller send inn tips og svar til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Skummel samling i Trivselsstova
Fredag 31. oktober er det Halloween, og då har nok mange erfart at det vrimlar av små - og litt større- spøkelse, vampyrar og andre skumle skapningar langs vegane i bygda.