Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Julebad, Julegraut, Julegløgg !
LAURDAG 14 des kl 16.00 , Kogekjellå i Krogane på Foss
Bli med på årets friskaste julesamling ute i friluft. Det blir bading, så har du lyst på ein frisk dukkert, så finn fram badeklær, nisselue og hopp uti !!
Men har du berre lyst på julekos, så fyrer me opp bålpannå og tenner juletreet, og alle får kose seg med varm graut og varm gløgg - så her blir det stemning...Graut+gløgg=kr 20. Så blir det gang...eller kanskje "sprang" rundt juletreet,,,,og det blir besøk av ein slags "nisse-avis-mann"udante......og kven veit, sidan du er på Jøsneset, så kan det jo hende det dukkar opp ein kjendis òg?? Bli med å feire jula, bygda og livet i den friske lufta - med velkomsthelsing til ALLE store og små frå Helselaget v/ Svanhild og Den Glade Badegjeng
......me lurer på om nissen tør å bade i år ??
JULETEATER
Laurdag kveld på Samfunnshuset kl 19.30 kan du oppleve Hjelmeland Ungdomsteater si sjølvlaga teateroppsetning "NO ER DET JUL, IGJEN!" Her deltek masse flinke barn og ungdommar frå heile kommunen, deriblant Malena, Malin og Madelen frå Jøsneset. Bilettsalg i døra; Vaksne kr 150 Barn kr 100 Familie kr 400.
Stemningsfull juletretenning
Laurdag låg julesnøen kvit og fin over Jøsnesbygda Heldigvis hadde stormen stilna før ei nyhogd julegran var på plass foran brannstasjonen.
Hjartestartar
Nå er endeleg hjartestartaren på plass på veggen.
For dei som ikkje allereie har sett den, så heng han på veggen på brannstasjonen til venstre for porten.
Historisk bygdekveld 19.des
Tradisjonen tro: Jøsneset skule lagar alltid til stor bygdekveld før jul - også i år - men i år blir det for siste gong!! Neste år er jo skulen vår blitt historie.
Så til alle på Jøsneset og Jøsenfjorden : Set av kvelden 19. desember - få med deg dette !! Meir info kjem.
Arkivfoto
Brrrr....badeliv i vinterland
Skumringa seig inn over den julekortkledde bygda, månen steig opp på den vinterblåe himmelen, kulda trakk ned gjennom dalen til minus 6 grader....men likevel 6 småtrippande, badekledde Jøsnesbuar hakka hol i isflaket på Kogekjellå - klar for bading !! Flott, mjukt iskaldt snødekke på land - og klar for 1.5 grad i ånå !! Svanhild på Foss var første kvinne uti, og stod ferdigbada med kvit morgenkåpe og vinterstøvletter når resten av badegjengen dukka litt forsinka opp.
Me tenner juletreet
Lørdag 7.desember tenner me juletreet ved brannstasjonen. Det blir gang rundt juletreet, julesongar, gløgg, pepparkaker og sal av pølser.
Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien klokka 17
Faklane kostar kr 50,-
Hjarteleg velkomne store og små!
Bygdarådet