Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Håvehammar i ny prakt
Håvehammar er vår mest besøkte turpost på Jøsneset - eit svært populært turmål for store og små. Hittil har den markerte fjellknausen vore nokså overgrodd av braje (einer), som hindra både utsikt og ferdsel utanom stiane. Men nå har gardbrukar Sven vore ute med saga; og alt av braje-kratt er rydda vekk. Naturen og utsikten opnar seg opp til ei flott landskapsoppleving.
Familie og helsebading
Måndag 25 november er siste dag med familie og helsebading før jul.
Desember månad er det stengt.
Husk bygdakvelden!
Me minner om at det brakar laus i gymsalen i kveld klokka 18:00!
Jo fleire me blir, jo triveligare blir det!! Du kan lesa heile invitasjonen her
Du vett du bur i Solbygdå når....
..Buhagen Epesaft nytes i 6 gr-kulpen på Foss i november i skodde, regn og blest
"Sol ute, sol inne, sol i hjertet.....sol i sinnet !! Åååå..."
Endeleg kom paraplydrinkane!! og denne gongen blei det uavgjort Skiftudalen - Foss !
Treffande ros til josnes-siå
Det hender me får ros og tilbakemeldingar frå dykk nettsidelesarar. Her ein dag fekk me ei artig melding frå ein ny lesar; Svein Hauge, oppvaksen på Jøsneset i etterkrigsåra, nå busett på Notodden.
Normal ferjedrift igjen
Den øydelagde ferjelemmen er fiksa. Første avgang i ordinær ferjedrift er kl 20.15 frå Nesvik torsdag 14.11.
I 1 1/2 veka har ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland vore ute i drift pga kollisjonsskaden. Les meir på Aftenbladet.
Vær -"Princar" i media
To værar blir lett til fem høns...eller?...nei,nei,nei !! To værar på nettsida vår blei plutselig til dagens radio-innslag i NRK Rogaland!! Fekk du ikkje med deg radiointervjuet med Sven og Jon Arne om dei to værane som skulle over fjords til gards for å sikre veksten?? Då kan du høyre det på nytt her i Radio-NRK ROGALAND (Innslag nr 12: Værar på båttur) og lese artikkelen på nettsida til NRK - ROGALAND.
Ikkje "vær-dagskost" med slik mediadekning.
Kva anna kan me seie... ÆRE VÆRE VÆREN !!